RASELAGET FOR DALASAU
Velkomen til heimesida for Raselaget for dalasau. Her finn du informasjon om
organisasjonen, aktuelle saker, regelverk, katalogar, resultat frå utstillingar m.m.
Facebookside for medlemmar: https://www.facebook.com/groups/1099772244747328
Norske saueraser | Grupper | Facebook
Instagramkontoar: #Dalasauvestland, #Dalasaumidtnorge
Dalasauen 100 år i 2023
I 2023 var det 100-års jubileum for dalasauen som eigen rase. Dalasauen vart avla fram frå gammalnorsk spælsau og fleire engelskesauerasar, fyrst og fremst leicester, men også sutherland ogsjeviot. I Jon Sælands tid som statskonsulent i småfeavl(1918-1945) vart dalasauen spreidd over store delar av landet. Påkort tid vart dette den dominerande sauerasen i dei indre bygdene påSørlandet og Vestlandet og i dal- og fjellbygdene på Østlandet ogi Trøndelag. I kystdistrikta vart denne sauen derimot rekna for åvære for kravfull,og fekk ikkje fotfeste her.
Dalasauener ein storvaksen og grovbygd sau. Vaksne søyer veg gjerne mellom 80og 100 kg. Han er hovudsakleg kvit, men det fins ogsvart og brun dalasau. Typiske rasekjenneteikn er brei nakke, storeslake øyrer og brei mule med svart nase. Halen skal være lang, og klauvene svarte. Dalasauen skal ha god og brei rygg med kraftige lår og stor mengde ull av god kvalitet. Vaksne søyer får oftast tvillingar og lamma veks raskt.
Dala,rygja og steigar er tre av våre nasjonale sauerasar av crossbredtypesom danna grunnlaget for eit felles avlsarbeid på den norskecrossbred-populasjonen. I 2000 fekk denne populasjonenrasegodkjenning som norsk kvit sau (NKS). Dei tre rasane var då iferd med å forsvinne som eigne rasar, og det vart kjempa hardt forta vare på dei opphavlege reinrasa sauerasane.