RASELAGET FOR DALASAU
Utstillingar
Dei årlege utstillingane finn stad på hausten i september/oktober. Alle hodyr vert dømde heime på gardane, når det gjeldt hanndyr er det ulike reglar og praksiss i dei ulike fylka. Nokre stadar vert hanndyra samla på ein lokasjon, andre stadar må all dømming av vaksne vêrar og kåring av vêrlam skje heime på gardane til liks med hodyra.
All dømming av vaksne dyr, og kåring av vêrlam i regi av raselaget kan berre gjerast av raselaget sine godkjende dommarar, og det er styret i fylkeslaga som bestemmer kven som skal nyttast som dommarar kvart år. Offentleg kåring av vêrlam er eit arbeidsmål for raselaget, og offentleg kåring stiller likt som privat kåring som grunnlag for seinare dømming som vaksen.
Dei siste åra er det gjennomført utstillingar i Engerdal, på Toten, i Hægebostad, på Hidra, i Rogaland, på Voss, i Selbu, i Verdal og på Møre.
Påmelding for vaksne dyr i løpet av våren, påmelding til kåring er i forkant av dei einskilde utstillingane på hausten. Ta kontakt med lokallaga for meir informasjon
Planlagde utstillingar 2025:
Hidra (Agder) 13. september 2025
Hægebostad (Agder) 14.september 2025
Toten (Innlandet) 04.oktober 2025
Rogaland 18-20. september 2025
Voss (Vestland) 21.september 2025. OBS ny dato.
Møre og Romsdal 20-21.september 2025
Engerdal (Innlandet) 28. september 2025
Verdal (Trøndelag) 27-28.september 2025